🧶 WinSam Crochet
도안 목록으로 돌아가기
Gallasjalet
sub
sub
sub
Shawl/Wrap유료 도안

Gallasjalet

디자이너: Anne Bjørke

난이도0.0
바늘 크기
4mm
실 굵기보통 가는 실 (4합)
(Fingering (14 wpi))
좋아요31
ADVERTISEMENT
Gallasjalet blei til fordi eg hadde lyst på eit sjal som passa til finkjolen - eit sjal som heng der det skal utan å falle av. Sjalet er lettstrikka og du brukar nesten berre rettmaskar. Du kan strikke det i ein eller to fargar, eller kanskje du vil legge til litt bling? Du startar med ein I-cord på venstre side og ein bord som veks på høgre side. Når borden har nådd ønskja breidde, skal du gradvis auke til eit rillefelt mellom I-cordkanten og borden. Når du har nådd masketalet for størrelsen du strikkar, skal du felle til hol langs øvre kant for å kunne drapere sjalet over skuldrane. Når det gjeld garnmengde: du treng mellom 360 og 440 meter totalt, eller 90 til 110 g garn som måler 400 m på 100 g - av dette går ca 40% til borden og 60% til I-corden og rillefeltet. I praksis har eg strikka eit sjal i str 2 som veg 85 g, og eit i str 3 som veg 96 g - medan ein teststrikkar brukte 101 gram og ein anna har brukt 97 gram (begge str 2). Lærdomen er vel å følge med på mengda garn du har igjen og heller felle av litt tidlegare enn i oppskrifta om du ser du er i ferd med å gå tom.

* 이 도안은 유료이므로 Ravelry에서 별도 구매가 필요합니다.


ADVERTISEMENT